Stemningsrapport frå VM i toradar på Voss
Vestlandsmeisterskapen i toradar gjekk på Voss 18.-20. oktober. Der var det framifrå utøvarar i tre generasjonar. Ikkje minst er det i klassane for rekrutt og junior at denne meisterskapen skil seg frå andre arrangement eg har vore på. I tillegg er det også ekstra gildt at jentene er særs godt representert på startlistene.
Sjølv om ein på Vestlandsmeisterskapen i toradar sjølvsagt skal kåra dei beste solistane og gruppene i dei ulike klassane, så skjønar ein fort at VM på Voss handlar like mykje om å ta vare på neste generasjon musikarar. Ein høyrer fort at det er stor skilnad på kor mykje dei yngste har øvd, men applausen etterpå viser tydeleg at i rekruttklassen så er det berre vinnarar. Og er det noko det ikkje er tvil om så er det at på Voss og Osterøy så får dei til noko som dei aller fleste miljø kan misunne dei, dei klarer å gjera det populært å spela toradar. I tillegg til tolv utøvarar i både rekrutt- og juniorklassen, så var dei unge også godt representert i lagspelet.
Blant dei aller yngste fekk eg møta Jan Solberg Steen. Han hadde nettopp fylt åtte år og hadde berre spela toradar i nokre få veker, og likevel var han med i både rekruttklassen og lagspelet.
På spørsmål så seier Jan at det er veldig kjekt å spela toradar, og det er kjekt å øva når han får det til. Men eg får også vita at det er slett ikkje berre toradar at Jan interesserer seg for, for han synes det er veldig kult med firhjuling. Ein slik har eg lyst på, seier han med eit lurt smil om munnen. Det har nok vore til stor hjelp at mamma, Ailin Kristine Solberg, er både erfaren og dugande på toradaren. Og mamma må nok framleis vera instruktøren til Jan, for på Voss så er det nemleg venteliste på å koma med på toradarundervisninga. Men er det noko Ailin brenn for, så er det at deltaking er viktigare enn lang erfaring. Det er breidde som skapar miljø. Derfor skipa ho også til gruppa Gullungane som deltok i lagspelet.
Og som om ikkje det er nok så tok ho i fjor også initiativet til at 3. generasjon Solberg har fått nytt liv i toradaren med gruppa Atle & Co, og no har dei delteke både på Blømingsfestivalen og VM på nytt i år.
Og sjølv om me tilskodarar let oss imponere av dei aller beste utøvarane, så er stemninga minst like høg og dansefoten ristar like mykje når me får servert ein ordentleg gamal klassikar eller ein typisk kurslåt.
VM i toradar vert arrangert på Ole Bull akademiet på Voss. Dette ligg sentralt på Vossevangen, og det er eit intimt og triveleg lokale, sjølv om det under nokre av tevlingane vert litt lite plass til å dansa på. Men til gjengjeld så får ein verkeleg mykje av den gode stemninga som er på ein real bygdefest med tilskodarar og dansarar i både 3 og fire generasjonar. Og aller flest tilskodarar er det under lagseplet, og på bileta ser me m.a. Osterøybelgen, Vossakrutt, Fast i Skjervet (Voss) og til slutt Agaluast som heilt klart fekk fart på dansegolvet.
I lagspelet var det Småradarane, også dei frå Osterøy, som stakk av med sigeren etter knivskarp konkurranse med Hafslobelgen frå Luster.
At det er framifrå toradarspelarar frå Sogn visste me frå før, og også denne gongen var Arve Bjørn Røneid og Baste Antun med og kniva om sigeren. Men etter at Sindre Fotland drog i gang ein lydarslått som han hadde laga til kona si, så var ingen i tvil om at også i solistklassen kom sigeren til å gå til Osterøy. Då var det berre for Arve og Baste til å bøya seg i støvet for vinnaren.
Men til tross for at sogningane er blant dei beste i både speletevlinga og dansetevlinga så må dei likevel innrømme at dei slit noko meir med rekrutteringa. Dette til tross for at Arve er ein mykje brukt instruktør på vestlandet. Då eg spør Sindra kva tankar han gjer seg om kvifor Osterøy er så gode på rekruttering, så er han ikkje i tvil om at ein er svært avhengig av å ha nokre ressurspersonar som brenn for dei yngste. Og i tillegg til å ha slike ressurspersonar så er det også avgjerande at dei har folk rundt seg som kan trø til og hjelpe, samt at økonomisk støtte er viktig for å få alt til å gå rundt. Og til slutt så må ein hugse at det tek tid å byggje opp eit godt miljø.
Med dei visdomsorda i tankane så sprang eg tilbake for å gjera noko av det som var hovudmålet mitt med turen til Voss, nemleg å danse til verdas beste dansemusikk: Toradarmusikk.
På sundagen skulle eg køyra mine nesten 450 km heim att, så eg fekk dessverre ikkje høyre meisterkonserten. Likevel var ømme musklar var eit tydeleg prov på at Vestlandsmeisterskapen på Voss i 2024 hadde levert som forventa, igjen. Uansett så kan eg anbefale deg å ta turen til neste år og oppleve framifrå musikk og framifrå gjestfridom på Voss. Det er nesten så det freistar å bli med på tevlinga til neste år, men det spørst om nokon grupper legg lista så lågt.
(Tekst og foto: Eirik Kårstad)