Reisebrev frå Askøybeljen
Det er kjekt å reisa til Torgdagen i Bergen, eller til Blømingsfestivalen. Likevel er det ekstra kjekt å stundom reisa på noko heilt nytt. Og det gjorde Askøybeljen i år for å feire 30-årsjubileum. Og som den samansveisa gjengen dei er så vart det meste ordna i beste dugnadsånd. Med toradaren på flyet så gjekk turen til solfylte Spania til W2M sin 35. Oktoberfest. I år vart Santa Susanna, like nord for Barcelona, den nye vertstaden for den tradisjonsrike ølfestivalen. På bileta under ser me Askøybelgjen dressa til oktoberfest og klare for opningsparade.
Under festivalen var det konsertar og underhaldning frå meir enn 11 ulike europeiske land, og heile 11 grupper frå Noreg. Dei aller fleste deltakarane var ulike musikkorps og blåseorkester, så derfor vart Askøybeljen eit friskt og annleis innslag med livat framføring på scenen og feiande flott toradarmusikk. Der Askøybeljen spela, antan det var på byens torg eller på hotellet, så var det alltid nokon som dansa. Og har du sett Askøybeljen før, så veit du at ein lett lèt seg rive med av det gode humøret deira. Ikkje rart at Askøybeljen også lyser mot oss på Visit Santa Susanna sin Instagramkonto.
Turen vart ein stor suksess for Askøybeljen. Ikkje berre var det suksess på scenen, men gruppa har fått mange nye vener og fans både frå Noreg og andre stader rundt i Europa. Og med fullt speleprogram og ikkje minst oktoberfest med alt som følgjer med der, så var det ein glad og sliten gjeng som omsider returnerte til Bergen lufthavn, Flesland. Eg var ikkje på oktoberfesten sjølv, men eg er overtydd om at Askøybeljen var ein framifrå ambassadør for norsk gamaldansmusikk.
(Publisert av Eirik Kårstad)