Siste nytt fra kretsene i NTL

Her kommer siste nytt fra NTLs kretser. 

Nytt

Inviterer til Belgdrag i Sandnes

06-09-2017



- NTL Rogaland har ønskt å få til eit arrangement som dette, og håpar at vi no har funne ein brukbar mal å bygge vidare på. Samtidig vil vi sjølvsagt unngå kollisjonar med liknande arrangement. Vi håpar april og oktober er månader der det går an å rydde plass i kalenderen for ein tur til Sandnes og nye bekjentskap og belgdrag! seier kretsleiar Tore Koppang (biletet).

- Denne andre gongen vil vi invitere til BÅDE dans og kurs. Basert på kva ønske som finst ute blant potensielle deltakarar, vil vi sette opp kurs i ønskte kategoriar så langt det let seg gjere. NTL Rogaland vil halde kursavgiftene på eit lågt nivå då vi ser det som viktigast at vi kjem saman og har det moro i lag. Ei kursavgift på kr. 300,- vil derfor bli utgangspunktet, kr. 400,- for deltakarar som ikkje overnattar på hotellet - og som dermed har lågare utgifter generelt. Deltakarar på kurs/dansespeling går gratis på BEGGE dansekveldane.
 

Foreløpig ser vi føre oss at vi kan tilby kursa under. Samtlege kurs er avhengig av ein viss respons, så meld tilbake snarast om de er interesserte. Vi er òg mottakelege for andre kursforslag, både for denne helga og seinare belgdrag. Haustens kurs ser ut til å bli:


A) Toradarkurs med Arve Bjørn Røneid
B) Nybegynnarkurs på trekkspel (litt eller ingen notekunnskap)
C) Kurs for litt vidarekomne (ds.)
D) Kammermusikk/litt avansert gammaldans (må lese notar)

Det startar på fredagskvelden med dans til levande musikk. På laurdag er det kursing, festmiddag på kvelden og dans. På søndag held kursa fram, før helga blir runda av med konsert.

Påmelding til kretsleiar Tore Koppang i Rogaland. Påmeldingfrist for både kurs og dansespeling er 15. september!