Rogaland

Her kommer det nyheter fra kretsen.

Nyheter fra kretsen

Velkomen til dans og kurs!

06-09-2017


Belgdrag i Sandnes 22. april blei ein suksess takka vere god oppslutning frå både de spelemennene/-kvinnene som stilte velvilleg opp, og frå den dansande del av befolkninga. NTL-Rogaland har ønskt å få til eit arrangement som dette og håpar at vi no har funne ein brukbar mal å bygge vidare på. Samtidig vil vi sjølvsagt unngå kollisjonar med liknande arrangement. Vi håpar april og oktober er månader der det går an å rydde plass i kalenderen for ein tur til Sandnes og nye bekjentskap og belgdrag!

Denne andre gongen vil vi invitere til BÅDE dans og kurs. Basert på kva ønske som finst ute blant potensielle deltakarar vil vi sette opp kurs i ønskte kategoriar så langt det let seg gjere. NTL-Rogaland vil halde kursavgiftene på eit lågt nivå då vi ser det som viktigast at vi kjem saman og har det moro i lag. Ei kursavgift på kr. 300,- vil derfor bli utgangspunktet, kr. 400,- for deltakarar som ikkje overnattar på hotellet - og som dermed har lågare utgifter generelt. Deltakarar på kurs/dansespeling går gratis på BEGGE dansekveldane.
 

Foreløpig ser vi føre oss at vi kan tilby kursa under. Samtlege kurs er avhengig av ein viss respons, så meld tilbake snarast om de er interesserte. Vi er òg mottakelege for andre kursforslag, både for denne helga og seinare belgdrag. Haustens kurs ser ut til å bli:


A) Toradarkurs med Arve Bjørn Røneid
B) Nybegynnarkurs på trekkspel (litt eller ingen notekunnskap)
C) Kurs for litt vidarekomne (ds.)
D) Kammermusikk/litt avansert gammaldans (må lese notar)


FORELØPIG PROGRAM 

Fredag 13. oktober:
kl. 19.00: Dørene opnar 

kl. 19.30: Dans til levande musikk (bill. kr. 200,- i døra, kr. 150,- ved førehandsbestilling)

kl. 23.30: Slutt

Laurdag 15. oktober
kl. 11.00: Felles velkomst og kursstart
kl. 14.00: Lunsj
kl. 15.00: Kursa held fram

kl. 17.00: Kursa sluttar for dagen

kl. 18.00: Festmiddag???

kl. 19.30: Dans til levande musikk

kl. 23.30: Slutt

Søndag 16. oktober:
kl. 11.00: Kursa held fram
kl. 13.30: Avslutningskonsert


Vi håpar mange har lyst til å bli med på nok ein runde med Belgdrag i Sandnes. Meld tilbake så snart de har avgjort om de vil vere med; gjerne både på kurs og dansespeling. Sjølv om det var mange som dansa frå tidleg kveld sist, skal vi jobbe for å få endå fleire danseglade til å kome desse kveldane.

Så, hva nøler I efter?
 

Påmeldingfrist for både kurs og dansespeling er 15. september! Påmeldingsskjema nedst i denne meldinga (klipp ut og returner på e-post).



Med helsing

leiar i NTL-Rogaland

♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ 
       Tore O. Koppang
          Agneveien 19
         4319 SANDNES
tlf. 920 94 149 - 51 62 34 55
♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪

  

PÅMELDING TIL BELGDRAG I SANDNES 13.-15. OKTOBER 2017


Påmelding til dansespeling:
Gruppe/lag:
Antal spelande medlemmar:

Evt. spesielle behov for lyd:

Evt. ønske om speletid (30 eller 45 minutt):

Evt. ønske om tidspunkt på scenen (tidleg eller seint):


Påmelding til kurs:
Kurs-kode (A,B,C,D):
Namn:
Har spelt i ca. antal år:
 

Festmiddag laurdag kveld???

Mange blei med på dette i vår. Er dette interessant igjen for ein pris på ca. kr. 500,- pr. person?  JA eller NEI

 

Betaling av kursavgift, billettar og evt. festmiddag skjer etter påmeldingsfristen når vi veit meir om respons og kva kurs som er aktuelle.

 

Bestilling av hotellrom må gjerast direkte til Quality Hotel Residence på telefon 51 60 57 00. Oppgi gjerne Belgdrag i Sandnes ved bestilling av rom.