Geir Otnæs med Lystrup-viser

01-12-2019



Visesongaren Geirr Lystrup er kjent for ei rekke viser med underfundige tekstar og melodiøse refreng både for barn og vaksne, scene og sal. Mange av oss kan nikke gjenkjennande til landeplager som "Sommar i september" og "Wenche med C", og i grunnen er det vanskeleg å sjå føre seg slike viser gjort på annan måte enn slik dei blir framførde av komponisten sjølv. For ikkje å falle i den fella har namnebror og medspelar gjennom fleire tiår, Geir Otnæs frå Hamar, no kome med ei plate der han utbroderer ti mindre kjende viser av Lystrup. Otnæs viser at han meistrar ei rekke ulike stilartar når han kler visene inn i lyttarvenlege arrangement med ein passe dose registrering.

Otnæs har bevisst teke avstand frå originalane både i tempoval og stilart. T.d. går spor 5, ein bluesversjon av "Jævla våren", nokre hakk seinare enn originalen medan spor ni, "Asbjørn sauesankar", går minst halvparten så fort som Lystrup sin ekspressversjon. Stilmessig blir det mange bekjentskap som fransk musette, latin og vidare ein saftig smak av cajun. Norsk folkemusikk er representert i spor fire, "Nyttårsbarnet", her omgjort til ein ganglåt, og i starten og slutten av spor seks, "Grendahusvalsen", som er komponert av Otnæs sjølv. Her blir ein tilsynelatande uskuldig vals gitt eit røft mellomspel á la cajun.

Også siste offisielle spor "Månemann Måne" sender tankane i retning vals slik vi gjer det her på berget. Dette er for øvrig det einaste sporet der Otnæs spelar utan sine dyktige musikarar på fele, gitar, cello og kontrabass og trommer. Vi høyrer derfor knepping frå tastar og at han i nokre tilfelle burde snudd belgen på ein annan mindre merkbar stad (t.d. ved 2.53 og 3.15). Slike detaljar øydelegg sjølvsagt ikkje godt handverk, særleg når vi veit at trekkspelet er sårbart med sine tilmålte belg-centimeter ut og inn. Likevel er sånt noko ein gjerne kan sminke bort i neste innspeling.

Lystrup sjølv er sjølv litt delaktig med gitar-introen til "Blå sko" (spor tre). Opptaka er gjort hos Ørnulv Snortheim i Dakkota studio på Hamar. Elles er plata utstyrt med eit 43 sekund langt bonusspor merka "Heilo vignett", der vi etter kvart får høyre kallet til den kjende vadefuglen. Sporet viser til Grappa-eigde Heilo som er platemerket bak "Lystrup på trekkspill".

"Lystrup på trekkspill" er ei godt gjennomført plate som passar like godt i bilen og båten som på det trådlause anlegget i stova. Vi håpar å høyre meir frå Geir Otnæs, både med og utan band og gjerne også som komponist. Han viser med denne innspelinga at han har mange musikalske idéar på lur, og med sine gode medspelarar i bakhand blir det fort til ei plate som blir liggande og rotere i CD-skuffa over lengre tid.

Tore Koppang