Hovedsiden Rogaland, D5 Liten distriktsmeisterskap, men stor stemning i Sauda!

Liten distriktsmeisterskap, men stor stemning i Sauda!

E-post Skriv ut PDF

DM på trekkspel i Sauda gjekk med berre tre innslag i sjølve konkurransen.  Dette er det lågaste som har vore i manns minne og er ikkje noko særleg å skryte av.  Var det avstanden til Sauda som blei for lang?  Berre klubbane frå Tysvær og Sandnes stilte opp i DM.  

Helga blei likevel redda takka vere ein uhøgtideleg huskonsert umiddelbart etter konkurransen - der to heldige deltakarar blei trekte ut til å vinne 500 kr kvar av NTL-Rogaland - og ein dansemusikk-konkurranse med tre par dansande dommarar på kvelden.  Begge delar trekte fleire deltakarar og mykje publikum, slik at det til sjuande og sist blei ei vellukka DM-helg både for publikum og deltakarar, teknisk arrangør Sauda trekkspillklubb og NTL-Rogaland.  

DM-dommarane var Svetlana Michalsen, som underviser i kulturskulen i Sauda, og Veerle Omer Tieghem, som er fylkesmusikar i nabokommunen Suldal.  Under dansemusikk-konkurransen, der vinnaren fekk heile 5000 kr av NTL-Rogaland, deltok det fem klubbar/orkester.  Duoen med det velklingande namnet Ryfylke trekkspillklubb trekte det lengste strået her.  Sjå også komande Trekkspillnytt (3/15) for tekst og bilde frå Sauda.

Dele
Sist oppdatert torsdag 02. april 2015 21:49  


Besøkende

Vi har 77 gjester her nå