Hovedsiden Rogaland, D5 Takk for vel utført DM!

Takk for vel utført DM!

E-post Skriv ut PDF

Kjære DM-deltakarar i distrikt 5!

 
Takk for ein flott konkurranse med mange fine prestasjonar i helga.  Takk også for mange gode og interessante samtalar, både i forbifarta og i litt meir ledige stunder, for godt humør og for speleglede utvist gjennom DM her i Sandnes.
 
Legger ved den endelege resultatlista der de kan finlese poengsummar og diskutere kven av dommarane de er mest einige med - sjølv om det no er forseint å krangle..!  Minner om at initialane JS = Jørgen Sagevik, OBG = Ole-Bjørn Gullbring og AK = Andreas Kollvangsnes.
 
Ein spesiell takk til vår trufaste og eminente konferansier, Jan Nicolaisen, og våre tekniske arrangørar, Sandnes folkedanslag og Sandnes trekkspillorkester.  Utan dere hadde det ikkje blitt noko DM i Sandnes i år.
 
Då gjenstår det berre å ønske alle lukke til vidare med trekk- og toraderspelinga i framtida og vel møtt til komande års DM-konkurransar og treff.
 
 
Med helsing
 
Tore
 
leiar NTL-Rogaland
 
PS! Resultatlista kan sendast på forespørsel og blir publisert i komande Trekkspillnytt.
Dele
Sist oppdatert søndag 10. mars 2013 22:48  


Besøkende

Vi har 53 gjester her nå