Hovedsiden Rogaland, D5 DM og dans i Sandnes 22. april

DM og dans i Sandnes 22. april

E-post Skriv ut PDF

Årets DM for Rogaland og Hordaland blir med både konkurranse, huskonsert og dans!

VELKOMMEN TIL BELGDRAG I SANDNES!

Våren er i emning, og belgdragarar frå heile regionen klør i fingrane etter å spele til dans ut i dei nokså lyse netter. Laurdag 22. april skjer det på Quality Hotel Residence i Sandnes. Vi har fått med oss ni lag og orkester med brei erfaring i å spele til dans. Dei første spelar opp frå klokka 18.30, og vi gir oss ikkje før klokka eitt på natta. 

Følgande lag og orkester spelar opp denne kvelden:

kl. 18.30: Bradur

kl. 19.15: Sopihop

kl. 20.00: Tysvær trekkspillklubb

kl. 20.45: Fjosingane

kl. 21.30: Ryfylke trekkspillklubb

kl. 22.15: Strand toraderlag

kl. 22.50: Søndagsskulen

kl. 23.35: Sydvesten

kl. 00.20: Sandnes trekkspillorkester

kl. 01.00: Slutt

Prisen for å kome inn er 150 kr, og på denne billetten skal vi òg trekke gevinstar. Send billettbestilling på epost til underteikna (oppgi antal og kontaktperson) - betaling skjer til kontonummer 3333.36.06742 (NTL-Rogaland). Det er òg høve til å kjøpe billettar i døra, men der blir prisen 200 kr.

Vi håpar å sjå mange av dere på "Belgdrag i Sandnes". Vi er allereie i tenkeboksen om arrangementet kan gjentakast og utvidast til neste år. Bli med og vis oss kva du meiner om det!

Med helsing

Tore Koppang

leiar for Norske Trekkspilleres Landsforbund, Rogaland

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Dele
Sist oppdatert søndag 09. april 2017 12:45  


Besøkende

Vi har 18 gjester her nå