Hovedsiden Rogaland, D5 DM + trekkspel-/toradartreff i Sandnes, april 2017

DM + trekkspel-/toradartreff i Sandnes, april 2017

Hei, alle trekkspel- og toradarvennar!

I det romjula går mot slutten og nyttårsrakettane står klare kan vi sjå fram mot nye og spennande tider. Då tenker eg verken på den 'påtrumpande' presidenten i USA eller sjansen for hyggelege meldingar frå skatteetaten i året som kjem. NTL-Rogaland har nemleg planar om ei mønstring av speleglade belgdragarar i hjertet av Sandnes. Dette skjer på Quality Hotel Residence midt i byen laurdag 22. april, og ønsket er å samle så mange livate og dyktige spelemenn som muleg. Vi satsar på dugnadsspeling i stor skala og ditto sal med parkett og lydanlegg - og sjølvsagt fullt hus av både spelemenn og dansarar! Det blir gratis inngang for alle som er med og spelar.

For å stimulere til påmelding ønsker NTL-Rogaland å lodde ut eit honorar på 5000 kr blant alle klubbar og grupper som melder seg på til dansespeling (minimum tre personar pr. innslag). Vi tek atterhald ved evt. fullteikning, men håpar og trur vi skal ha plass til mange enno. Dei tre første klubbane/gruppene som melder seg på til underteikna, får to lodd i trekninga. 

På dagtid blir det gjennomført Distriktsmeisterskap (DM) på trekkspel/toradar. Etterpå gjennomfører vi ein uformell huskonsert. I begge tilfelle er det fri påmelding. DM blir gjennomført etter vanlege reglar og dømt av fagleg personale, medan ALLE deltakarar i huskonserten er med i trekninga av pengepremiar à kr. 500,-. Vi ønsker oss både gamle og unge, ferske og rutinerte musikantar, så lenge du er i stand til å spele på instrumentet sjølv og kan bidra med god underhaldning. Huskonserten skal vere ein ufarleg arena der det er lov ikkje å spele perfekt.

Nærmare detaljar omkring treffet vil bli sendt ut i løpet av januar/februar. Imidlertid ønsker vi oss ei tilbakemelding om evt. interesse så snart de har gjort dykk opp ei meining. Om de har spørsmål omkring arrangementet, så fyr laus. 


Foreløpige tider og program laurdag 22. april:

kl. 15: DM på trekkspel/toradar 

kl. 16.30: Uformell huskonsert med premiering (etter loddtrekning)

kl. 18---: Dans med musikk frå lokale og tilreisande klubbar/grupper 

Vi vil i samarbeid med hotellet tilby overnatting og sjølvsagt mat utover kvelden. I tillegg blir det sjølvsagt servering av drikke med alle rettigheiter.  Lenke til hotellet finn de her:

https://www.nordicchoicehotels.no/quality/quality-hotel-residence/

Då står det berre igjen å nyte resten av juleferien - og sette av laurdag 22. april til eitt av vårens høgdepunkt for oss med hjerte spesielt for trekkspel og toradar. Ønsker du litt ekstra julestemning med belgmusikk, lån gjerne øyra til denne lenka:

https://www.youtube.com/watch?v=fnbtTMeoZrI

www.youtube.com

Romjulshelsing og ønske om eit godt nytt år frå

NTL-Rogaland

v/Tore Koppang, leiar

PS! Send gjerne denne informasjonen vidare til andre som kan ha interesse av arrangementet! (Får eg kopi av e-postadressa får dei infoen direkte neste gong.)

♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ 

       Tore O. Koppang

          Agneveien 19

         4319 SANDNES

tlf. 920 94 149 - 51 62 34 55

♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪

Dele
 


Besøkende

Vi har 41 gjester her nå