Hovedsiden Rogaland, D5
Rogaland, D5
Tore O. Koppang
Agnevn. 19, 4319 Sandnes
Tlf. 51 62 34 55 - 92 09 41 49
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen


Offisiell invitasjon til DM og treff i Sandnes 22. april

E-post Skriv ut PDF

Hei alle lesarar av NTL sine nettsider!

 

NTL-Rogaland vil med dette offisielt invitere deg og dine til ein heidundrande dansekveld laurdag 22. april. Arrangementet er ei forlenging av den årlege distriktsmeisterskapen på trekkspel/toradar (DM), men det er naturlegvis ikkje noko krav å delta i begge for å vere med. Alt finn stad på Quality Hotel Residence midt i Sandnes.

 

Vi har allereie sju påmeldte grupper/lag/orkester frå Rogaland, men ser gjerne at fleire melder si interesse. Dersom tilbakemeldingane blir mange og positive, ser vi ikkje bort ifrå at helga kan utvidast til fredag-laurdag ved neste høve. Om det skulle kome eit folkekrav, er vi heller ikkje vanskelege for å sjå på mulegheitene til å gjere noko med dette allereie i år...

 

Påmelding til DM skjer via påmeldingsskjema på NTL sine heimesider (sjå lenke under). Returner utfylt skjema til underteikna innan 15. mars. På grunn av engasjement av dommarar er det viktig at denne fristen blir halden! 

 

http://trekkspillforbundet.no/dm--nm

 

TIMEPLAN

Oppstart av sjølve DM er avhengig av antal påmelde, men vi tek sikte på oppstart kl. 15. Etterpå blir det ein uformell huskonsert for ALLE med premiering. NTL-Rogaland loddar ut ei pengegåve på kr. 500,- for kvar 10. deltakar. Også her er antal påmelde avgjerande for det vidare tidsskjemaet.

 

Med så mange spelehungrige spelemenn på eitt brett satsar vi på festmiddag før dansen. Hotellet har tilbode oss ein tre-rettar for kr. 495,-. Vi ønsker tilbakemelding på om dette er interessant på påmeldingsskjemaet under.

 

DANSESPELING

Dei fleste som allereie har meldt si interesse kjem for å spele til dans. Vi inntek parketten etter middagen, og sidan går det slag-i-slag. Vi har enno plass til fleire som vil spele opp. Slik det ser ut til no får alle inntil 45 minutt i rampelyset (inkl. rigging). Om det kjem til fleire vil vi måtte redusere denne tida.

 

BILLETTAR

Alle som opptrer på dansen går gratis på arrangementet. Andre slepp inn for ein enkel hundrelapp.

 

PÅMELDING TIL DANSESPELING

Dette gjeld også dei som allereie har meldt seg på, men påmeldingsdato gjeld sjølvsagt for når påmeldinga blei registrert første gong. Omsyn til evt. ønske om speletid skjer imidlertid i den rekkefølga dei kjem inn.

 

Fyll ut, kopier og returner påmeldinga nedanfor på epost, så er de med i vårens vakraste eventyr i Sandnes!

 

OVERNATTING

Hotellet, som får gode tilbakemeldingar på internett, har god plass og tek imot påmeldingar fortløpande. Bestilling på nett kan skje på denne lenka (erfaringsmessig er det billegare å bestille via internett, enn på telefon):

 

https://www.nordicchoicehotels.no/quality/quality-hotel-residence/?gclid=CIzb26CWndICFQfcGQodhW0OOQ

 

Hotellet kan også tilby lunsjbuffet frå kr. 195,- og gratis internett for alle på arrangementet vårt. Parkering i eige parkeringshus for kr. 75,- pr. døgn.

 

 

 

Vel møtt!

 

Med helsing

 

Tore Koppang

leiar, NTL-Rogaland

 

 

 

♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ 

       Tore O. Koppang

          Agneveien 19

         4319 SANDNES

tlf. 920 94 149 - 51 62 34 55

♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪ ♫♪


******************************************************************************

Kopier denne delen og returner han snarast og seinast 15. mars!


Namn på gruppe/lag/orkester:


Antal medlemmar:


Kontaktperson (namn/tlf./epost):


Ønsker så spele til dans tidleg/seint/når som helst (stryk det som ikkje passar)

Ønske om speletid:  min. 30 min  / maks. 45 minutt 


Behov for lydutstyr: JA / NEI   

Spesifiser:



JA, vi ønsker middag/bankett til  ...... (antal). Dette er bindande påmelding, då vi må sende bestilling til hotellet i god tid. Pris. kr. 495,- for tre rettar.  JA / NEI

Evt. kan vi vere med på eit billegare alternativ (ca. 300 kr).  JA / NEI


JA, vi kan godt spele/sette av både fredag og laurdag kveld til neste treff!  JA / NEI

Evt. kommentar:



JA, vi har eit pent bilde og ein liten omtale av oss til bruk i programheftet for arrangementet! (Send inn snarast og innan fristen oppgitt nedanfor.)


Ver venleg og sjekk at alt er svart på og at du har kopiert alt mellom dei stipla linene før du sender i retur (evt. returner denne eposten med utfylt informasjon). Frist: Seinast 15. mars, men førstemann til mølla gjeld som vanleg ved spesielle ønske.

Sist oppdatert onsdag 22. februar 2017 12:40
 

Trekkspel-/toradartreff i Sandnes, 22. april

E-post Skriv ut PDF

Hei alle!

 

Som tidlegare meldt blir det kombinert trekkspel-/toradar-treff og DM for distrikt 5 i Sandnes laurdag 22. april. Påmeldingane har begynt å strøyme inn, men vi ønsker sjølvsagt endå fleire til dette evenementet i hjertet av Sandnes. Meir informasjon kjem med det første. Foreløpig har vi fått med oss desse laga/orkestra:

Strand toraderlag

Søndagsskulen (trekkspel/toradar)

Sydvesten

Bradur

Sopihop

Sandnes Trekkspillorkester

 

Alle desse er frå Rogaland, men vi satsar sjølvsagt på at ein flokk hordalendingar kjem nedover. Vi kan jo ikkje sjå at dette blir eit reint rogalandstreff når det finst så mange oppegåande grupper og lag der oppe. Utfordringa er hermed sendt!

 

Med helsing

Tore

NTL-Rogaland

 

Tore Koppang

mob.tlf. 920 94 149

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Sist oppdatert fredag 17. februar 2017 07:10
 

Årsmøte i NTL-Rogaland

E-post Skriv ut PDF

Hei!

 

Ved ein feil i siste Trekkspillnytt blei annonsa for årsmøtet i NTL-Rogaland forveksla med tilsvarande for Sør-Trøndelag. Møtet vårt finn stad søndag 12. mars kl. 20. Ta kontakt for meir info!

Vel møtt!

 

Med helsing

 

Tore Koppang

leiar, NTL-Rogaland

mob.tlf. 920 94 149

e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Sist oppdatert onsdag 22. februar 2017 12:47
 

DM + trekkspel-/toradartreff i Sandnes, april 2017

Hei, alle trekkspel- og toradarvennar!

I det romjula går mot slutten og nyttårsrakettane står klare kan vi sjå fram mot nye og spennande tider. Då tenker eg verken på den 'påtrumpande' presidenten i USA eller sjansen for hyggelege meldingar frå skatteetaten i året som kjem. NTL-Rogaland har nemleg planar om ei mønstring av speleglade belgdragarar i hjertet av Sandnes. Dette skjer på Quality Hotel Residence midt i byen laurdag 22. april, og ønsket er å samle så mange livate og dyktige spelemenn som muleg. Vi satsar på dugnadsspeling i stor skala og ditto sal med parkett og lydanlegg - og sjølvsagt fullt hus av både spelemenn og dansarar! Det blir gratis inngang for alle som er med og spelar.

Les mer …
 

Konsert med Duo Jupiter

Velkommen til konsert med

DUO JUPITER

søndag 28.2 kl. 18

Galleri Gann

i Solaveien 3 (sentrum)

 

Billett: kr. 100,- (barn gratis)

 

www.duojupiter.com

Arrangør: Norske trekkspilleres landsforbund, Rogaland

Kontaktperson: Tore Koppang, mob. tlf. 920 94 149

 


Side 1 av 6


Besøkende

Vi har 88 gjester her nå