Hovedsiden

Mykje folk og god stemning på Vårbelg

Årets Vårbelg gjekk av stabelen i helga på Raftevold hotell i Hornindal. Mykje folk var innom dørene, og stemninga var upåklageleg. Åmdal trekkspelklubb står som arrangør av Vårbelg og har gjort det i mange år. Dei siste åra har dei hatt Hornindal som base. Triveleg plass. Konserten hadde mange høgdepunkt og årets trekkplaster var Øivind Farmen og Lars Karlsson, to karar som har spelt på sine instrument sidan dei var gutongar. Eit fantastisk samspel som skapte ei perfekt avslutting på årets konsert. Dansa fekk folk gjere både fredag og laurdag til ulike grupper frå nært og fjernt. Biletet viser Eid spelemannslag. Idar Vatne

Dele
 

Besøkende

Vi har 89 gjester her nå